Ein himmel av sølv

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar (som no ingen kan undrast uppå). Men her er iallfall månadens dikt, aprildiktet. Me kjenner jo det det aller finaste diktet om lerka, men Helge Torvund er ikkje så verst, han heller.

Lerke

Inneringa av knausar
stig sletta av april

grøn til sorgas grønaste
under tjeldens røde lyd

April er ein farge i blodet
ein kvervel i øyra

ein himmel av sølv
og grønare grønt

Der huda er naken
går stikket av april inn

ein prikk
kvervlande liv i song

(Til fots i mitt namn, 1990)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *