Konferansen med det koselege namnet MONS, Møte om norsk språk, er Noregs største happening for nordistar og norskfolk. Han vert halden kvart andre år og går på rundgang mellom norske universitet. 25. til 27. november 2015 er MONS i Kristiansand.
Frist for påmelding til dugnadsgrupper (papersesjonar) er 20. august. Meld deg på denne under, DÅ VEL:
Nynorskforsking – kva og kvifor
Forskarar i forskargruppa for nynorsk i UH-nett Vest arrangerer ei dugnadsgruppe om forsking med nynorskperspektiv. Her vil me kaste lys over og diskutere om og korleis nynorskforsking kan vere relevant for fleire fagfelt og forskarar enn dei ofte historisk innretta tradisjonelle nynorskforskingsdisiplinane. Me tenkjer oss innlegg som kan aktualisere nynorskperspektivet ved å relatere det til felt som fleirspråklegheit, internasjonal språkpolitikk, språkdidaktikk, demokratiforsking osb. Dermed inviterer me òg til innlegg som utfordrar omgrepet nynorskforsking – kva er feltet nynorskforsking og kva bør det vere?
Den som har lyst til å bidra på denne dugnadsgruppa, sender eit samandrag på maks 250 ord til gruppeleiarane innan 20. august.
Gruppeleiarar er:
Eli Bjørhusdal, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Ann-Kristin Helland Gujord, Universitetet i Bergen
Jan Olav Fretland, Høgskulen i Sogn og Fjordane
No comments
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=3782