Senter for nynorsk i opplæringa har publisert temaheftet Tospråk og danning her. Slik sluttar teksten min, «Kritiske merknader til einskapsprinsippet i norskfaget»:
Det spesielle med Noreg er at våre to språksamfunn har to innbyrdes forståelege språk og at språksamfunna er så integrerte i kvarandre. Andre statar kan sjå det som mest tenleg å skilje ulike språk i ulike fag, som det vert gjort med engelsk og irsk i Irland. Hjå oss kan det vere mest gunstig å samle undervisninga i dei to språka innanfor same morsmålsfag, slik det alltid har vore gjort. Men poenget er det same: Her er to språk som er i bruk i landet og som både av prinsipielle rettsgrunnar og av praktiske språkbruksgrunnar må vere dokumentert allmennkunnskap hjå alle innbyggjarar. Dersom det å samle undervisninga i dei to språka i same norskfag skulle vise seg å vere eit trugsmål mot det minst brukte av dei to språka, får me heller reise spørsmålet om nynorsken er betre tent med eit kløyvt norskfag; i eitt fag for fyrsteskriftspråk og i eitt fag for andreskriftspråk.
-
Glupe ord, som vanleg, frå Eli. Ein stor bøyg for å koma nokon som helst veg, er at opplæringslova, læreplanane osb, alt saman heng att i det gamle språkpolitiske regimet. Det er berre i Mål og Meining at det finst tendensar til å ta steget inn i den nye språkpolitikken. Det vore uendeleg mykje enklare å få drøft t.d. ei kløyving av norskfaget dersom plan- og lovmakarar hadde teke til seg at det er eit overordna mål (ogso for norskfaget) å tryggja eksistensen av to relativt sjølvsatnedige skriftmål framover.
– Eg trur det hastar med å få laga ein nåme nær autonom didaktikk for nynorsk, ubunden av bokmålsopplæringa. Ikkje minst trur det ville ha vore til stor hjelp for studentane på lærarutdanninga. Dei didaktiske utfordringane til desse studentane vert seinare konkretisert som dårleg nynorskopplæring med dei (svært store) politiske fylgjene det fær for nynorsk. -
godt sagt, Ingar!
4 comments
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=2797