Det er alltid fint å få artiklar på trykk. Å publisere saman med studentar, det er vel likevel det likaste løll. Takk, Hilde Sognnæs Strandos og Rita Årevik Vikdal, for at eg fekk vere med på å gjere den strålande masteroppgåva dykkar om til artikkel i Fou i praksis nr. 2/2017 – «Begynnaropplæring i norsk for fagleg sterke elevar».
Artikkelen byggjer på ein observasjons- og intervjustudie av didaktisk arbeid med ei elevgruppe som har fått heller lite merksemd i forskingslitteraturen: fagleg sterke elevar i begynnaropplæringa i norsk. Ti informantar, alle norsklærarar på 1. og 2. årstrinn, er djupneintervjua og observerte i timar med grunnleggande lese- og skriveopplæring. Undersøkinga viser at lærarane identifiserer fagleg sterke elevar i norsk alt på 1. årstrinnet, det vil seie barn som les og skriv godt når dei startar på skulen. Vidare finn studien at informantane har få strategiar for korleis dei skal legge til rette for læring for desse elevane. Konsekvensane er 1) langsam bokstavprogresjon, 2) manglande skrivemodellering og 3) eit syn på fagleg sterke elevar som ‘underytarar’. Informantane opplever også at ansvaret for tilpassa opplæring for fagleg sterke elevar ligg hjå enkeltlærarane, og at lite er formulert på skule- og skuleeigarnivå.
No comments
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=4090