Språkløyper

Språkløyper er regjeringa sin nye nasjonale strategi for språk, skriving og lesing for barnehage og skule. Satsinga går frå 2016 til 2019 og er administrert av Lesesenteret/Universitetet i Stavanger.

Barnehagedelen er sett saman av ulike faglege «pakkar» som personalet kan bruke til kompetanseheving. I pakken «Språkleg variasjon og identitet» har Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og eg teksten «Nynorsk i barnehagen – kvifor?»

Me får seie dette er greitt nok på kort sikt. Så ventar me på at Språkløyper utviklar ein meir heilskapleg pakke for barnehagar med ungar som skal ha nynorsk som opplæringsspråk på skulen.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *