I dag har Sogn avis eit flott oppslag om fylkeskappleiken i Jostedalen i helga. Intervju med eit par kjende figurar er det òg.
Tilleggsinfo: Programmet til Rupeungane var sett saman av song og dans i jostedalstradisjon:
Ser du røven du (song)
Jeppesongen (song)
Guten og røven (song og songdans)
Jostedalsspringar, forenkla (dans)
So so sulla me den søte (song)
So ro liten tull (song)
Apa nipa nupan (song)
Alle songane har me lært av Asbjørg Ormberg, dei er etter Johanna Ormberg, Nils Ormberg, Hallvard Hesjevoll og Karen Alsmo. Springaren har Anne Kristin Haugen Halveg utforma til oss.
-
Ser du røven du – den har Tryggve kome heim og sunge dei siste dagane. Har lært han i Jostedal bhg, ja. Flott oppslag!
3 comments
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=3747