Eit gamalt og eit nytt. Men det same skrukkefrie panneluggbiletet frå 2008.
Det nye fyrst: Eg er intervjua om doktoravhandlinga mi i novemberutgåva av Norsk Tidend, medlemsavisa til Noregs Mållag. Det er sjølvaste leiaren i samskipnaden som har skrive intervjuet, og det har ho greidd betre enn eg ville ha gjort.
Så det gamle:
Same dagen som eg disputerte, 12. september, hadde Klassekampen på trykk eit intervju som Guri Kulås gjorde med meg og som eg las om morgonen før disputasen. Det var veldig mykje meir nyttig førebuingsstoff enn mine eigne uforståelege notatar.
No comments
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=3675