Eg satsar med denne saka i Uniforum på å få like mykje (negativ) pre-disputas-merksemd som han med Marit Larsen-avhandlinga.
Så eg siterer saka, skriven av Martin Toft:
«I neste månad presenterer Eli Bjørhusdal doktoravhandlinga si «Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005». Det skjer under Det utdanningsvitskaplege fakultetet sine venger, og det skjer på nynorsk. Difor ville gjerne Eli Bjørhusdal også ha omslagsarket med namnet til fakultetet på nynorsk. – Forlagskonsulenten til Akademika forlag gav meg då klar melding om at det ikkje var mogleg. Avtalen mellom UiO og forlaget var at omslagsarket anten skulle vera på bokmål eller engelsk, fortel Eli Bjørhusdal til Uniforum. Og fordi det hasta med å få levert doktoravhandlinga til trykk, gav eg meg til slutt på det punktet, legg ho til.
(…)
– Dette er ein detalj, men den språklovgjevinga som gjev nynorsk offisiell status er summen av alle slike detaljar, difor er det viktig. Eg vonar no at ingen andre som disputerer på nynorsk, kjem til å møta dei same problema, seier ho til Uniforum.»
Livet er offentleg språkpolitikk både i teori og praksis.
No comments
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=3626