Når Kjartan Hatløy kjem med ny bok, får eg henne av mamma til jul. I 2011 kom Fjord, i 2012 Kjøkkendikt, i 2014 Mi meinings hus. Det er verkeleg gode dikt og gode samlingar. I år har Hatløy gjeve ut Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu. Hans «Salbu» er nok ikkje er det same som Jakob Sandes «Salbu strand» i diktet Då Gud heldt fest i Fjaler. Hatløy diktar no òg frå Fjaler sin grannekommune Hyllestad. Likevel er det som om den kosmiske omskapinga av den jordiske Salbu strand syng med i dikta i Den kvite vegen, men likevel på ein stillare, meir kvardagsleg og kvit måte enn det høgtidlege, festlege og fargerike hos Sande.

Dei haustmagre svarte trea oppe på åsen er
ikkje min dag sine tre. Alt lyset på nest siste desember-
dag er ikkje mitt. Då eg står og ser, byrjar trea ein stutt
svevn midt på dagen. Ei minimal sky over India pustar
for dei.

Trea har også eit liv å leve. Det veit ingen, at nokre tre
er mine. Kvar desse står, veit berre eg. Mine syg ikkje
vatn, men purpur, jade og gull, framfor alt: dagar.

Så stilt ettermiddagsmørkret fødest! Det kjem sivande
ut frå klaka mark, ut frå ti tusen nakne greinrike, ut frå
kosmos sin nære vilje.

Ein ramneflokk kjem til synes med lia som bakgrunn.
Den flyg særs ivrig, men merkeleg nok sakte likevel.
Vestover fer den, mektig, ikkje berre talrik. Fer i ein
slags slumpens formasjon først. Så formar den tjukke
søyler i lufta, vert nokre augneblinkar ein omvend pyra-
mide, nesten perfekt, den stig femti meter, så opp gjerne
femti til. Det siste eg ser av ramnane, er at dei passerer
øvste topp og har klumpa seg saman til eit heitt, ham-
rande, flygande hjarte.

Eg har ein kronikk i Bergens Tidende i dag om språkforvaltning i Vestlandsregionen.

Der skriv eg om fylgjande paradoks:

«Dei regionale statsorgana på Vestlandet må bruke nynorsk same korleis ein skrur saman den nye regionen, for uansett vil nynorskkommunane vere i stort fleirtal. For det nynorske språksamfunnet er det likevel eit sentralt spørsmålet om kvar arbeidsplassane i den regionale staten er plasserte geografisk.

Men fylkeskommunane, og den moglege Vestlandsregionen, har ikkje mållova i ryggen. Dei må eventuelt gjere slike vedtak sjølve. I prinsippet står alle fylkeskommunar heilt fritt til å fastsetje kva for språk dei vil kommunisere med innbyggjarane sine på. Hordaland og Sogn og Fjordane har valt nynorsk, Rogaland er nøytralt, og Rogaland fekk gjennomslag i forhandlingane om at Vestlandsregionen ikkje skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Altså kan den nye regionen fritt bruke bokmål i kommunikasjon med innbyggjarane sine, med mindre han pålegg seg sjølv internt regelverk. Staten, derimot, må etter mållova sende materiell på nynorsk til innbyggjarane i størsteparten av det området som vestlandsregionen dekkjer. Me kjem altså i den paradoksale situasjonen at den regionale staten på Vestlandet er underlagd strengare krav til å bruke nynorsk enn det Vestlandsregionen er villig til å påleggje seg sjølv.»

Og konklusjonen er:

«Den institusjonelle styrkinga av nynorsk som Hordaland og Sogn og Fjordane har stått for, har vore svært viktig for heile det nynorske språksamfunnet. Det kan bli tilsvarande avgjerande om desse institusjonane vert svekte i vestlandsforhandlingane no.»

Diktet om kuling i november (m.m.) er skrive av den walisiske lyrikaren og politikaren (m.m.) Waldo Williams (1904-1971). Ein fascinerande og viktig person. Diktet heiter «Mewn Dau Gae», omsett til «Between two fields» på engelsk. Den enkle løysinga på norsk er då «Mellom to felt».

Walisisk, altså. Det vert ikkje betre.

 

O ba le’r ymroliai’r môr goleuni

Oedd a’i waelod ar Weun Parc y Blawd a Parc y Blawd?

Ar ôl imi holi’n hir yn y tir tywyll,

O b’le deuai, yr un a fu erioed?

Neu pwy, pwy oedd y saethwr, yr eglurwr sydyn?

Bywiol heliwr y maes oedd rholiwr y môr.

Oddi fry uwch y chwibanwyr gloywbib, uwch callwib y cornicyllod,

Dygai i mi y llonyddwch mawr.

 

Rhoddai i mi’r cyffro lle nad oedd

Ond cyffro meddwl yr haul yn mydru’r tes,

Yr eithin aeddfed ar y cloddiau’n clecian,

Y brwyn lu yn breuddwydio’r wybren las.

Pwy sydd yn galw pan fo’r dychymyg yn dihuno?

Cyfod, cerdd, dawnsia, wele’r bydysawd.

Pwy sydd yn ymguddio ynghanol y geiriau?

Yr oedd hyn ar Weun Parc y Blawd a Parc y Blawd.

 

A phan fyddai’r cymylau mawr ffoadur a phererin

Yn goch gan heulwen hwyrol tymestl Tachwedd

Lawr yn yr ynn a’r masarn a rannai’r meysydd

Yr oedd cân y gwynt a dyfnder fel dyfnder distawrwydd.

Pwy sydd, ynghanol y rhwysg a’r rhemp?

Pwy sydd yn sefyll ac yn cynnwys?

Tyst pob tyst, cof pob cof, hoedl pob hoedl,

Tawel ostegwr helbul hunan.

 

Nes dyfod o’r hollfyd weithiau i’r tawelwch

Ac ar y ddau barc fe gerddai ei bobl,

A thrwyddynt, rhyngddynt, amdanynt ymdaenaiTachwedd

Awen yn codi o’r cudd, yn cydio’r cwbl,

Fel gyda ni’r ychydig pan fyddai’r cyrch picwerchi

Neu’r tynnu to deir draw ar y weun drom.

Mor agos at ei gilydd y deuem –

Yr oedd yr heliwr distaw yn bwrw ei rwyd amdanom.

 

O, trwy oesoedd y gwaed ar y gwellt a thrwy’r goleuni y galar

Pa chwiban nas clywai ond mynwes? O, pwy oedd?

Twyllwr pob traha, rhedwr pob trywydd,

Hai! y dihangwr o’r byddinoedd

Yn chwiban adnabod, adnabod nes bod adnabod.

Mawr oedd cydnaid calonnau wedi eu rhew rhyn.

Yr oedd rhyw ffynhonnau’n torri tua’r nefoedd

Ac yn syrthio’n ôl a’u dagrau fel dail pren.

 

Am hyn y myfyria’r dydd dan yr haul a’r cwmwl

A’r nos trwy’r celloedd i’w mawrfrig ymennydd.

Mor llonydd ydynt a hithau a’i hanadl

Dros Weun Parc y Blawd a Parc y Blawd heb ludd,

A’u gafael ar y gwrthrych, y perci llawn pobl.

Diau y daw’r dirhau, a pha awr yw hi

Y daw’r herwr, daw’r heliwr, daw’r hawliwr i’r bwlch,

Daw’r Brenin Alltud a’r brwyn yn hollti.

 

Ok, så finst det altså ei omsetjing til engelsk for oss som treng det. Den er av Rowan Williams:

 

Between two fields

 

These two fields a green sea-shore, the tide spilling

radiance across them, and who knows

where such waters rise? And I’d had years

in a dark land, looldng: where did it, where did he

come from then? Only he’d been there

all along. Who though? who

was this marksman loosing off bolts

of sudden light? One and the same the lightning

hunter across the field, the hand to tilt

and spill the sea, who from the vaults

above the bright-voiced whistlers, the keen darting ployers,

brought down on me such quiet, such

 

Quiet: enough to rouse me. Up to that day

nothing had worked but the hot sun to get me going,

stir up drowsy warm verses: like blossom

on gorse that cracldes in the ditches, or

like the army of dozy rushes, dreaming

of clear summer sky. But now: imagination

shakes off the night. Someone is shouting

(who?), Stand up and walk. Dance. Look.

Here is the world entire. And in the middle

of all the words, who is hiding? Like this

is how it was. There on the shores of light

between these fields, under these clouds.

 

Clouds: big clouds, pilgrims, refugees,

red with the evening sun of a November storm.

Down where the fields divide, and ash and maple

cluster, the wind’s sound, the sound of the deep,

is an abyss of silence. So who was it stood

there in the middle of this shameless glory, who

stood holding it all? Of every witness witness,

the memory of every memory, the life

of every life? who with a quiet word

calms the red storms of self, till all

the labours of the whole wide world

fold up into this silence.

 

And on the silent sea-floor of these fields,

his people stroll. Somewhere between them,

through them, around them, there is a new voice

rising and spilling from its hiding place

to hold them, a new voice, call it the poet’s

as it was for some of us, the little group

who’d been all day mounting assault

against the harvest with our forks, dragging

the roof-thatch over the heavy meadow. So near,

we came so near then to each other, the quiet huntsman

spreading his net around us.

Listen! you can

just catch his whistling, hear it?

 

Whistling, across the centuries of blood

on the grass, and the hard light of pain; whistling

only your heart hears. Who was it then, for God’s sake?

mocking our boasts, tracking our every trail and slìpping past

all our recruitìng sergeants? Don’t you know?

says the whistling, Don’t you remember?

don’t you recognise? it says; until we do.

And then, our ice age over, think of the force

of hearts released, springing together, think

of the fountains brealdng out, reaching up

after the sky, and falling back, showers

of falling leaves, waters of autumn.

 

Think every day, under the sun,

under these clouds, think every night of this,

with every cell of your mind’s branching swelling shoots;

but with the quiet, the same quiet, the steady breath,

the steady gaze across the two fields, holding still

the yision: fair fields full of folk;

for it will come, dawn of his longed-for coming,

and what a dawn to long for. He will arrive, the outlaw,

the huntsman, the lost heir making good his claim

to no-man’s land, the exiled king

is coming home one day; the rushes sweep aside

to let him through.

 

 

Jul i grendi

Adventsreprise frå 2009. Litt fordi Odd Nordstoga nett har gjeve ut ny plate med gamle låtar, mellom anna denne (men her med Ingebjørg Bratland), mest fordi rektor Reinertsen har bede om han.

**

Det er stas med Jul i Svingen som adventsserie. Jamvel om me her i heimen har sett episodane på dvd vår, sommar, haust og vinter. Livet i Svingen viser godt og truverdig at ungar ikkje må ha førti kompisar i akkurat same alder for å kunne ha eit rikt og spanande liv. Og så viser det at vaksne er viktige.

Kjetil Indregard har skrive teksten til Odd Nordstogas melodi Jul i Svingen. Nordstoga kunne sikkert ha omsett denne til nynorsk langt betre enn eg har gjort, men no har han no ikkje gjort det, då. Då lyt ein ta skeia i eiga hand. Denne versjonen er frå plata til Nordstoga og Sissel Kyrkjebø, han er noko forbetra frå originalen på Jul i Svingen-plata. Fyrst Indregards på bokmål, så min på nynorsk.

Jul i Svingen

Stille senker natten seg, over deg og over meg.
Snøen faller, alt er hvitt, se så vakkert alt er blitt.
Snart er julen her på ny, i hver bygd og i hver by.

Se nå daler snøen hvit. Julen, se den kommer hit,
til vår by og til vår grend, der vi sammen nå igjen
tenner gran og julelykt. Alt er godt og alt er trygt.

La la la la la

Nissen kommer hit, å se! Gaver har han også med,
en til far og en til mor, en til alle barn på jord.
Engler svever høyt i sky, over hav og land og by.

Jorden snurrer rundt seg selv, lys blir mørke, dag blir kveld.
Rekk meg hånda kjære venn, la ditt øye gli igjen.
Her står vi, et vennskapsbånd, varmen går fra hånd til hånd.

Jul i grendi

Stilt og lett legg natti seg, over deg og over meg.
Snøen fell og alt er kvitt. Sjå så fagert alt er blitt!
Snart er juli her på ny, i kvar bygd og i kvar by.

Sjå no dalar snøen kvit. Juli, sjå ho kjem heilt hit,
til vår by og til vår grend, der me saman no igjen
tenner gran og julelykt. Alt er godt og alt er trygt.

La la la la la

Nissen kjem til oss, å sjå! Gåver skal me også få.
Ei til far og ei til mor, ei til alle born på jord.
Englar svevar høgt i sky, over breen, bygd og by.

Jordi snurrar rundt seg sjølv, dag vert natt for kvar jostedøl.
Gje meg håndi kjære ven, lat no auga gli igjen.
Her står me, eit venskapsband. Varmen går frå hand til hand.

Her står me, eit venskapsband. Varmen går fra hand til hand.

La la la la la

Susann

Etter ein sein kveld med svirebrør og -systrer of mercy som helst vil diskutere kva for nordamerikansk artist som er best av Bruce Springsteen og Leonard Cohen, trekte sistnemnde det lengste strået. Daud er han då òg, nyss.

Den finaste songen hans er naturlegvis Suzanne, som Håvard Rem har omsett til bokmål («Susanne»), gjeve ut i 1993 på plata Cohen på norsk, sungen av Kristin Solli.

Men Susann på nynorsk? Den kjem her:

Susann tek deg med til ein stad attmed vatnet.
Det er båtar like ved, du kan vere heile natta.
Og du vil så gjerne bli der, for du veit at ho er galen.
Og ho gjev deg te og jordeber som kjem heilt frå Jostedalen.
Og i det du vil forklare at du ganske snart må fare,
då kjem vatn og vind med svaret. Og ho får deg til å skjønne
at du alltid er med henne.

Så du siglar gjerne med ho,
og du siglar utan vind.
For du veit at ho er di no,
du har teke ho med tanken som er din.

Dette var berre fyrste vers og refreng. Men så er det då òg det beste. Cohens original:

Suzanne takes you down to her place near the river
You can hear the boats go by you can spend the night beside her
And you know that she’s half crazy but that’s why you wanna be there
And she feeds you tea and oranges that come all the way from China
And just when you mean to tell her that you have no love to give her
Then she gets you on her wavelength and she lets the river answer
that you’ve always been her lover.

And you want to travel with her
And you want to travel blind
And you know that she will trust you
For you’ve touched her perfect body with your mind.

Språkløyper

Språkløyper er regjeringa sin nye nasjonale strategi for språk, skriving og lesing for barnehage og skule. Satsinga går frå 2016 til 2019 og er administrert av Lesesenteret/Universitetet i Stavanger.

Barnehagedelen er sett saman av ulike faglege «pakkar» som personalet kan bruke til kompetanseheving. I pakken «Språkleg variasjon og identitet» har Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og eg teksten «Nynorsk i barnehagen – kvifor?»

Me får seie dette er greitt nok på kort sikt. Så ventar me på at Språkløyper utviklar ein meir heilskapleg pakke for barnehagar med ungar som skal ha nynorsk som opplæringsspråk på skulen.

Falturiltu, verdas største og beste nynorske barnebokfestival, er i gang på Stord. Fredag er det seminar om språk i barnehagen, og der les og snakkar mellom anna Anna Rommetveit Folkestad, Bjørn Sortland, Silje Stavrum Norevik og eg.

Berre å kome!

Jubelhornet, twenty years after. Som om det var i går. Så kjekt og så rart!

dsc_0044Foto: Gustav Skaar

Gustaven tok fleire flotte bilete frå laurdagskonserten.

 

No skal eg gje ut plate. Ikkje åleine, men med gode, gamle Jubelhornet. Når det er fyrste og ganske sikkert siste gongen ein slepper cd, må ein vel reklamere.

happy-horn

 

Plata, eller cd-en då, er eit liveopptak frå 1995 med den «gamle» besetninga: Jan A. Haugen (trekkspel), Jørgen Alisøy (song/gitar), Andreas Ramstad (trekkspel), Hallvard Arstein (bass), Ane Persdotter Østby (song) og eg (song). Alle hit-ane er der. Les meir om det heile hos NRK Sogn og Fjordane og i Firda.

Det vert to sleppekonsertar i Trudvang i Dale til helga: Den ordinære laurdag klokka 20 og ein ekstrakonsert sundag 15.30. Laurdagskonserten er utselt og det er få billettar att til ekstrakonserten. Her vert det jubel, med andre ord.

 

Når mørket no har senka seg, klokka er stilt, oktober er på veg ut og november inn, er det vel ingen som stiller så trottugt opp som månadens diktar som Gunvor Hofmo.

Oktober er en hund
som røyter
gule og røde dotter
fra en pels som gnistrer
i det klare lyset
Om nettene lurende
med lysende øyne
gjennom mørket
der den vifter
koldt med halen

Gunvor Hofmo: Etterlatte dikt

 

« Older entries § Newer entries »