Me har lansert Nynorsk med dei minste med medium brask og bram, ikkje berre i Bergen, men òg på Stord, og Sogn Avis har også plukka opp saka.

Fått med seg saka har òg hon hegelothe gjort i den kjekke adventskalenderen sin der eg har æra av å vere luke nummer 11. Og jammen fekk eg ikkje vere kalenderdame hos Nynorsksenteret òg, der eg presenterte Knoterud-serien til Lars Mæhle i luke 20 i senteret sin bokkalender.

 

 

 

Då vert det Paal-Helge Haugen att. Kvar vart du av, Paal-Helge? Eg skulle ynskje du sat på troppi på bui på Gjerde med eit nytt dikt kvar einaste, einaste ettermiddag.

Heilt sist i Dikt i samling 1965-1995 finn me bolken lause dikt, mellom anna «Seks dikt utan ordning». Nummer tre er slik:

3

midt i november
tyknar det i sørvest
himmelen, denne kjende gråblå
fargen som liknar oss

også i år
blir snøen svart
eller grå

også i år legg den seg ned
mot oss, omkring oss
og held oss på plass

den viser oss fargen sin
den murrar mot oss om morgonen

Det er alltid fint å få artiklar på trykk. Å publisere saman med studentar, det er vel likevel det likaste løll. Takk, Hilde Sognnæs Strandos og Rita Årevik Vikdal, for at eg fekk vere med på å gjere den strålande masteroppgåva dykkar om til artikkel i Fou i praksis nr. 2/2017  – «Begynnaropplæring i norsk for fagleg sterke elevar».

Artikkelen byggjer på ein observasjons- og intervjustudie av didaktisk arbeid med ei elevgruppe som har fått heller lite merksemd i forskingslitteraturen: fagleg sterke elevar i begynnaropplæringa i norsk. Ti informantar, alle norsklærarar på 1. og 2. årstrinn, er djupneintervjua og observerte i timar med grunnleggande lese- og skriveopplæring. Undersøkinga viser at lærarane identifiserer fagleg sterke elevar i norsk alt på 1. årstrinnet, det vil seie barn som les og skriv godt når dei startar på skulen. Vidare finn studien at informantane har få strategiar for korleis dei skal legge til rette for læring for desse elevane. Konsekvensane er 1) langsam bokstavprogresjon, 2) manglande skrivemodellering og 3) eit syn på fagleg sterke elevar som ‘underytarar’. Informantane opplever også at ansvaret for tilpassa opplæring for fagleg sterke elevar ligg hjå enkeltlærarane, og at lite er formulert på skule- og skuleeigarnivå.

Ny bok! Les om henne, og kjøp, hos Samlaget.

Oktober ved Pierce Ranch

Eg klatrar ned ei fjellkløft langs veggar som regnet har slite ned. Sjøsus. Det er fjøre sjø. Måker med skuggane på slep vandrar rundt mellom skjerf av tare på lange stivsinna bein; kroppane flyt som notar som aldri har vore skrivne ned.

Eg går ned dalen av sand med armane svingande, og eg kjenner meg oppglødd, klar til å hoppe opp i lufta, tygge sanden.

Men den andre i meg er ikkje oppglødd, men jublande, for han høyrer lydar som ikkje kjem frå blodet, reinare, djupare, villare.

Robert Bly

frå What have I ever lost by dying (1992), omdikta og utgjeve av Helge Torvund i Morgondikt (1999)

Medan haustvindane fer ille med ospelauv og rauneber les eg i leksikonet Allkunne:

«Åse-Marie Nesse blei for alvor ein publikumskjær lyrikar med diktsamlinga Vinterhuset (1981), som er dedisert «Til far og mor». Dikta handlar om heim og barndom på Jæren og først og fremst forholdet til foreldra i den siste livsfasen, då dei var på sjukeheimen. Poeten skriv innlevande og perspektivrikt om institusjonar for gamle og om det mentale livsrommet hos menneske som snart skal døy.»

Nicolai Gedda døydde elles tidlegare i år.

1979, Sommar

September, seinsommarvarme, og far
for første gong i Konserthuset, oppglødd
sjølv etter åtte timar på toget
lett på foten og ennå staseleg
ekte gehalt, frå århundreskiftet
såg Tryggve Gran då han landa på Reve
men dette er større, dette er Dagen
– tenk, å få høyre Nikolai Gedda –
sommaren duvar på blinkande vatn
med kvite segl, og kven kunne vite
at svarte segl låg der og venta
eg trur han bar denne songen med seg
over på andre sida – Sing, sailor, oh

1990, Haust

September, for tidleg haustregn, og mor
for første gong i Konserthuset, sliten
etter den halve timen på flyet
tynn og stille og ennå sorgtyngd
men nå er vi her, la tonane fløyme
syng fram gleda hos mor mi, Gedda
– det er som å høyre dei himmelske tonar –
ho talar med bestemors tunge, og alltid
kjem vi attende til same staden
der elva renn ut i opne havet
eg sit og veit det er siste gongen
veit ho vil gløyme kvelden og songen
før året er omme, før vintermørket

(frå Vinterhuset, 1981)

Ikkje det at eg kan svare utfyllande på det, men det kan vel hende eg sneiar bortom nokre verdifulle ting likevel. Så kom på kampus! På torsdag 21. september. Me lokkar med forskingsdag og barnehageseminar!

Sommaren er over, men ikkje sommarsongane. Her kjem ein skikkeleg ein. Bebel Gilberto sin August day song frå plata Tanto tempo frå 2000.

Seinsommaren, altså. Han kjem og går.

Tentei contar
Tentei cantar
Tentei just la la la ia

Tentei tocar
Também dançar
Assim, só para deixar

Só quero te dar
Se te falar
Se te just la la la ia

Só quero estar
Com seu cantar
Com seu just la la la ia

Just like this rainstorm
This August day song
I dream of places far beyond

Ouvindo a chuva cair
No cinza um brilho aqui
Fico sózinha, distraída

Mesmo tom
Mesmo som
Como é bom, tão bom

Just like this rainstorm
This August day song
I dream of places far beyond

Ouvindo a chuva cair
No pé um pingo aqui
Fico sózinha, tão distraída

Não vou chorar
Quando lembrar
Do seu eterno olhar

I like to sing
And do these things
With you just prá variar

I hear your voice
I sing for choice
With you just la la la ia

Mesmo tom
Mesmo som
Como é bom, tão bom

 

Maal og minne-artikkelen til Gudrun Kløve Juuhl og meg er no på nett. Å lese om «Bokmålsavvik frå nynorsknorma i sjetteklassetekstar» må då vere ein fin seinsumaraktivitet?

Nei og nei, kan det finnast noko meir høgsumarleg enn Billie Holiday som syng You go to my head?

Nei.

Eller kanskje, det måtte vere Frank Sinatra som syng det same.

You go to my head
You linger like a haunting refrain
And I find you spinning round
In my brain
Like the bubbles in a glass of champagne
You go to my head

Like a sip of sparkling burgundy brew
And I find the very mention of you
Like the kicker in a julep or two
The thrill of the thought
That you might give a thought
To my plea, casts a spell over me

Still I say to myself
Get ahold of yourself
Can’t you see that it never can be
You go to my head with a smile
That makes my temperature rise
Like a summer with a thousand Julys
You intoxicate my soul with your eyes

Though I’m certain that this heart of mine
Hasn’t a ghost of a chance
In this crazy romance
You go to my head, you go to my head

Though I’m certain that this heart of mine
Hasn’t a ghost of a chance
In this crazy romance
You go to my head, you go to my head

 

« Older entries § Newer entries »