I oktober heldt Senter for nynorsk i opplæringa ein konferanse om norskfaget, kalla «Tospråk og danning». Utdanningsdirektoratet sitt framlegg til ny læreplan i norsk var eit sentralt tema. Om dette heldt Gunnar Skirbekk ei innleiing som Ingrid Metliaas og eg kommenterte. Både innleiinga og kommentarane kan sjåast og høyrast her.
No er over seksti prosent av nordmennene på sosiale nettsamfunn som facebook. Ikkje alle av desse skriv, men dei fleste skriv litt innimellom. Fleire og fleire torer altså å skrive i halvoffentlege og heiloffentlege rom. Ettersom god rettskriving framleis er ein kompetanse for dei få, inneber masseskrivinga på sosiale medium òg at fleire og fleire må finne seg i både å bruke og lese ikkje-perfekt norsk i skrift.
Dermed har skriving også vorte eit vanleg diskusjonsemne i dei tusen blømande nettforum. Alt frå svære Kvinneguiden til meir marginale Scooterforum har eigne trådar og underforum for språk og rettskriving. Likevel har mang ein nettdiskusjon spora av fordi nokon til dømes berre må peike på at surogati er med to r-ar. Særleg moro er det når ho som syt over andre sitt språk, slett ikkje burde vere den som slengjer fyrste steinen. Det hender ikkje så reint sjeldan.
Kvar dag klagar massevis av besserwissande amerikanarar på twitter på at folk med ikkje-engelsk språkbakgrunn er dårlege i engelsk. Gjennomgangstonen er: Du er i Amerika! Bruk rett engelsk! Men for eit par veker sidan dukka twitterprofilen @yourinamerica opp. Han korrigerer og gjer narr av dei språkmoralistiske heilamerikanarane som sjølve ikkje greier å skrive du er rett på engelsk. Overraskande mange av dei skriv nemleg Your in America i staden for You’re in America.
Eg les moralen bak @yourinamerica slik: Dersom du ser det å skrive rett som så avgjerande for fellesskap og kommunikasjon, får du hute deg til å unngå alvorlege rettskrivingsbrot sjølv. Folk som offentleg syt over andre sin språkbruk trass i at dei sjølve tydelegvis ikkje ser det som viktig å skrive rett, meiner jo eigenleg ikkje at språknormer er verdifulle. Det verdifulle for desse folka er å hovere og stigmatisere.
Men det kjekke med @yourinamerica er at det ikkje avviser at rettskriving er viktig. Det får oss i staden til å tenkje igjennom kvifor det er viktig. Og det er ikkje nødvendigvis ei enkel intellektuell øving. Me har massevis av læreverk og oppslagsbøker om språkbruks- og rettskrivingsreglar på norsk, men svært få av dei fortel oss kvifor det er eit poeng å fylgje desse reglane. I denne søte prøve- og eksamenstid er dette ei relevant problemstilling for meg: Kvifor skal eg fortelje mine førskulelærarstudentar at dei bør lære seg at det heiter foreldresamtale, ikkje foreldre sammtale? Er det så nøye då? Alle forstår jo uansett kva som er meint?
Det kan vel hende at ein haustar meir respekt og vekkjer mindre irritasjon dersom ein ikkje har for mange skrivefeil. Kanskje står ein òg i fare for å føre skam over arbeidsgjevaren sin, om ein verkeleg gjev blaffen i rettskriving på jobb. Men i botn og grunn er dette individuelle og litt snobbete argument som ofte ikkje treffer. Den verkelege verda, det vil seie sosiale medium, viser då òg at rettskrivingsfeil heldigvis ikkje er ein sosial hemsko for folk.
Men å fylgje norske rettskrivingsreglar handlar om meir enn kva som er bra for deg sjølv og eventuelt arbeidsgjevaren din. Det handlar òg om å prøve å oppretthalde ein skriftkultur med sine særtrekk, nyansar og indre samanhengar. Dei norske språka, både bokmål og nynorsk, er framleis logisk oppbygde system som gjer det mogleg å formulere reglar for kvifor det til dømes heiter foreldresamtale, ikkje foreldre sammtale. Rettskrivinga vår er oftast ikkje tilfeldig, men kan forklarast. At noko kan forklarast og forståast som system i staden for puggast og hugsast som einskildtilfelle, er ein demokratisk fordel som gjer det lettare å lære seg å skrive. Om dei som kan kome til å fungere som språklege førebilete, gjev blaffen i rettskrivingsnormer fordi «det er det same for meg», er dei med på å gjere skriftspråket mindre tilgjengeleg for andre i språkkollektivet vårt.
Det er ikkje folkeleg å vere språkleg slepphendt. Det er usolidarisk og elitistisk.
(«Tankar i tida», Nationen, i dag.)
kalenderblad/november
alltid på reise, tidlege morgonmenneske
ned i forstadsbanane
fuglar og små barn, dagar på reise
langsetter dei brukte vegane i primstavens tre
slik gamle kvinner er på reise to og tre frå eit hus til eit anna
lutar seg framover,
spenner røystene sine ut i vinden
november, det er eit smil einkvan stad
det blir borte før det når fram til synsnervene våre
i gatekryssa restaurantane svevnen
“han løfter glasset og smiler inn i øynene hennes”
eit smil halvt utviska i stålet som kolnar i valseverka
eit smil samla under restane av novembernattas snø
i tidleg formiddags regn
(Paal Helge Haugen, frå Sangbok 1969)
Teksten min om opptakskrav til lærarutdanninga var kronikk i Sogn Avis laurdag 24. november. Eg vil òg tilrå Øystein Heggelund, fyrsteamanuensis i engelsk ved Høgskulen i Telemark, sin kronikk i Klassekampen 20. november. Han skriv om det same som meg, berre betre. Ein versjon av teksten hans ligg her.
Ikkje kan dei rekne og ikkje kan dei lese. Sjokkmeldingane om elendige norske lærarstudentar vil ingen ende ta. Kanskje er det då ikkje så underleg at mange tek til orde for ei løysing som glimrar som gull: høgare opptakskrav for lærarstudentar.
Men kva skjer når dette framlegget møter harde fakta? No er rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på høyring. PPU inneber eitt år med lærarutdanning på toppen av ein universitets- eller høgskulegrad. Dette året kan ein ta etter ein 3-årig bachelor, for å bli adjunkt, eller etter ein 5-årig master, for å bli lektor. Mange adjunktar og lektorar jobbar i vidaregåande skule.
Kunnskapsdepartementet meiner opptakskravet til denne utdanninga må skjerpast. Ein skal ikkje lenger kome inn med berre bachelor; ein må ha master. Men i 2011 var det berre 450 av totalt 1851 uteksaminerte PPU-studentar i Noreg som hadde mastergrad. Går forslaget til Kristin Halvorsens departement igjennom, får ein berre utdanna ein fjerdedel av dagens PPU-studentar, og det i ein situasjon med stor lærarmangel på landsbasis. Noreg manglar no 2000 lærarar, ein mangel som vil auke med om lag 1000 i året fram til 2020.
Somme tek òg til orde for strengare karakterkrav for å kome inn på den vanlege grunnskulelærarutdanninga. Dagens minstekrav i matematikk og norsk er karakteren 3, men Høgre og Venstre meiner kravet må vere 4. Problemet er at få av dagens lærarstudentar har ein så god mattekarakter som 4 frå vidaregåande. Forslaget om 4 i basisfaga ville kanskje gjeve studentar som i snitt var flinkare, men det ville òg ha ført til langt, langt færre lærarstudentar og (dermed) lærarar.
Frå eit urbant perspektiv framstår nok ikkje nasjonal lærarmangel som noko krise, iallfall ikkje ved fyrste augnekast. Historia viser oss kven og kva for område som vert hardast råka av generelt lærarunderskot: Det er skulane som ligg lengst frå dei største utdanningsinstitusjonane som må fylle opp undervisningsstillingar med ukvalifiserte folk.
Om forslaga går igjennom, vil dessutan endå fleire skular kome til å liggje endå lenger frå lærarutdanningane. Svært mange lærarutdanningar vil nemleg bli nedlagde. Dei færraste høgskular har nok PPU-søkjarar med master til at ein kan forsvare å halde oppe tilbodet. Såleis vil dei ikkje lenger kunne utdanne lærarar for vidaregåande skule. På same vis vil dei færraste høgskular ha nok lærarskulesøkjarar med 4 i matte og norsk til at ein kan drive vidare. Dermed vil ein miste mange desentraliserte grunnskulelærarutdanningar også.
Distrikts-Noreg vert altså dobbelt råka om framlegga om skjerpa opptakskrav til lærarutdanninga går igjennom. For det fyrste vil dette føre til nasjonal lærarmangel, noko som igjen medfører fleire ufaglærte i skulane på bygdene, fordi dei kvalifiserte trekkjer til byane. For det andre vil slike opptakskrav føre til nedlegging av dei utdanningsinstitusjonane som til no har vore viktigast for å forsyne distriktskommunar med kvalifisert arbeidskraft. Resultatet er endå fleire ufaglærte inn i skulane.
Den gylne intensjonen med opptaksforslaga er å heve lærarkvaliteten. Den steingrå konsekvensen er ein dårlegare skule. Dersom strategien er å gje yrket høgare status, finst det klokare tiltak enn å gjere lærarkvalifikasjonar til eit knappheitsgode. Å fylle stadig fleire undervisningsstillingar med ufaglærte, vil svekkje den norske skulen. Ein dårlegare skule gjer slett ikkje læraryrket meir attraktivt. Også skuleleiarar, lærarar, elevar og foreldre i byar med store utdanningsinstitusjonar tener såleis på å gå imot auka opptakskrav til lærarutdanninga.
(Dagens laurdagsspalte i Nationen)
Duranranranran! Kan ikkje anna enn like dei.
Her er ein nokså dårleg, men tydelegvis sjeldan liveversjon av låten som er månadens dikt, «Secret October», b-sida til «Union of the Snake» frå 1983.
Me må vel seie at her er høg metafor- og similetettleik? Særleg fylgjande språkbilete set krav til iallfall min kognisjon: «Spoken on a cotton cloud like the sound of gunshot taken by the wind and lost in distant thunder racing on a shining plain tomorrow…».
Her er heile:
Wise on a birthday party in a world full of surprising fireworks
then sudden silence
lies on a stranger’s bed
the new day breaks like a speeding train
or an old friend ever expected but never knocking
holding your own in a battered car
all night parties, cocktail bars and smile
when the butterfly escapes the killing jar
Sure eyes awake before the dancing is over
wise or naked in secret October
Free fall on a windy morning shore
nothing but a fading track of footsteps
could prove that you’d ever been there
Spoken on a cotton cloud
like the sound of gunshot taken by the wind
and lost in distant thunder racing on a shining plain tomorrow
you’ll be content to watch as lightning plays
along the wires and you’ll wonder
Sure eyes awake before the dancing is over
wise or naked in secret October
sure eyes awake before the dancing is over
wise or naked in secret October
For eit par veker sidan, i USA. Ein anonym mann tek eit bilete av den unge studenten Balpreet Kaur. Ho står i ein tilfeldig kø og veit ikkje at ho vert fotografert, der ho fiklar med mobilen sin. Ho har flippfloppar, t-skjorte og turban, og dessutan bart, skjegg og svarte kotelettar som stikk tydeleg fram under hovudplagget hennar.
Den anonyme mannen legg biletet ut på ‘funny’-sidene til den populære nettstaden Reddit, saman med ein morosam kommentar om «this», som han kallar Kaur. Biletet spreier seg som eld i turt skjegg, og kaskadar av æsj-kommentarar fylgjer. Også dei av oss som er for danna til å leggje att ukoselege kommentarar, tenkjer kanskje det: æsj. Ei ung kvinne med bart og kinnskjegg. Det må vere noko sosialt gale med henne?
Denne laurdagen, i Noreg. Facebook-flaumen min er, som han har vore dei siste månadene, fylt av mine flinke og rasjonelle veners irritasjon over homeopatar, engledamer, nålestikking, healing, spådomar, synske og anna rør. Og eg er samd med skeptikarane. Eg deler irritasjonen over korleis folk vert lurte, loppa for peng og i verste fall får øydelagt helsa si av griske kvakksalvarar, men kanskje aller mest over kor himla dumme desse kvakksalvarane er, over kor dårleg dei argumenterer, og eg deler tilsvarande skadefryd når tv-program og bloggarar blottstiller alternativ-humbugen.
Me ynskjer jo at borna våre skal vekse opp i samfunn der det beste argumentet vinn, der rasjonell tenking dankar ut mytar og overtru. Så eg ser på ungane mine, dei to jentene og guten, og prøver å tenkje på kor uheldig englesnakk, akupunktur, og fjernhealing er for dei og det samfunnet dei skal vekse opp i.
Og eg må slå fast at eg ikkje er redd på ein flekk. Jau då, det er irrasjonell bullshit. Men det er irrasjonell bullshit som råkar langt snevrare og gjer langt mindre skade enn den irrasjonaliteten som alle jenter, definitivt òg Balpreet Kaur, vert møtte med kvar dag, heile livet. Også av slike flinke og rasjonelle som oss, fordi me ikkje orkar ta eigne oppgjer med nedarva overtru om kvinnekroppen.
Eg trur ikkje på spådamer og varme hender. Men eg kjenner at eg vert mykje meir bekymra for framtida, for alle ungar, og særleg for alle jenter, når eg tenkjer på kor mange timar, kor mykje energi, kor mykje helse og kor mange kroner kvinner kastar bort på irrasjonell kroppsmanipulering, på anti-aldring, tvangstrening, sminke, sol og svolt. Når eg tenkjer på botox på billigsal og dei stadig lengre køane av jenter som vil operere underliva sine fordi dei ikkje er yndige nok nedantil. Eg tenkjer på alle skepsisbloggane og alle tv-programma som ikkje finst om korleis jenter vert lurte av den verkeleg vonde alternativindustrien, ein industri som, til dømes, lokkar dei til å bruke endelaust med tid, peng og krefter på å farge og plukke av seg alle hår. Sjølv om dette beviseleg skader kroppen og helsa. Og eg merkar at eg byrjar å tenkje på Snåsamannen og Märtha som litt mindre viktige.
Då Balpreet Kaur oppdaga at skjegget hennar hadde vorte eit nettfenomen, skreiv ho eit innlegg på den opphavlege diskusjonstråden. – Eg innser at folk ofte tek feil av kjønnet mitt, seier ho, – men me sikhar trur på kroppens heilagdom. Kaur skriv at ho ser på kroppen sin som ei verdfull gåve som ho har fått av nokon som er glad i henne, og som ho difor ikkje vil avvise. Og dermed kjenner ho seg heller ikkje skamfull eller audmyka over oppstyret biletet av henne har vekt: «Because it’s who I am».
1-0 til religiøs rasjonalitet over overtruiske venleiksideal. Eg trur me rasjonelle skeptikarar har noko å lære.
*
Og dette var laurdagsspalta i Nationen i går.
Richard Strauss gjorde ferdig sine Vier letzte Lieder for sopran og orkester i 1948. Det er eit gripande verk, tykkjer eg. Ikkje berre på grunn av det stille og såre i komposisjonen (Strauss døydde året etter verket var fullført), men også fordi tre av dikta som er tonesette, er Hermann Hesse sine.
Songane er «Frühling», «September», «Beim Schlafengehen» og «Im Abendrot». Den siste songen, som ikkje er bygd på eit dikt av Hesse, men av Joseph von Eichendorff, er det aller vakraste. Men også September er flott. Aller flottast er songane når dei er framførde av Elisabeth Schwartzkopf. (Og det seier eg jamvel om det var Kirsten Flagstad som gjorde dette verket vidgjete.) Høyr die Schwartzkopf her i kalde, fuktige september, høyr henne når kvelden rodnar ved soleglad.
Så, til slutt, haustdiktet til Hermann Hesse:
September
Der Garten trauert,
kühl sinkt in die Blumen der Regen.
Der Sommer schauert
still seinem Ende entgegen.
Golden tropft Blatt um Blatt
nieder vom hohen Akazienbaum.
Sommer lächelt erstaunt und matt
in den sterbenden Gartentraum.
Lange noch bei den Rosen
bleibt er stehen, sehnt sich nach Ruh.
Langsam tut er die großen
müdgewordnen Augen zu.
Det er ikkje alle politiske akrobatar som like godt held den liberale balansen mellom udemokratisk einsretting på den eine sida og urealistisk naivisme på den andre. Ein politikar som tidvis har greidd det, er Bent Høie, som no er leiar i programnemnda til Høgre.
Tidlegare i år skreiv Høie ein artikkel om «Religionsfrihet i Norge 2030» på nettstaden verdidebatt.no. Der hevdar han at staten ikkje skal ha religion, men heller ikkje undertrykkje han. Den sekulære religionspolitikken, som forbyr alle religiøse uttrykk i det offentlege rommet, er Høie mot. Forbod av fransk type legg band på livsutfaldinga til dei som religion betyr noko for. Å krevje at folk berre får lov å vere religiøse privat, ikkje offentleg, er illiberalt: «Jeg er ikke redd for at flere religioner vises samtidig … Men det er ikke konfliktfritt. De problemene må vi møte pragmatisk når de oppstår, ikke forsøke å konstruere en såkalt verdinøytral offentlighet», skriv Høgre-Høie.
Denne veka la Høie fram det nye Høgre-programmet. Det inneheld eit overraskande åtak på etablerte norske språkrettar. Utkastet seier at ”Dagens rett til å få svar på egen målform, erstattes med en rett for ansatte i staten og språknøytrale kommuner til å bruke sin egen målform.” Grunngjevinga til Høie er fylgjande: «Jeg synes at vi i større grad skal respektere valg av språkform, … i stedet for å tvinge andre til å skrive den målformen vi har valgt.” (Aftenposten 17. september). Jau, her kan me med overflatisk velvilje sjå eit liknande liberalt mangfaldsprinsipp for personleg språkutøving som for religionsutøving: Den statstilsette må ha rom både for å velje religiøse uttrykk (som hijab) og språklege uttrykk (som bokmål eller nynorsk).
Men i røynda køyrer Høgre-Høie liberale prinsipp på ein smell her. Den norske staten utøver ikkje sjølv religion. Statleg religionsfridom går ut på å tilretteleggje for demokratisk, rettferdig utøving mellom borgarar, utan at staten skal drive religion. Når det gjeld språk og språkbruk, er saka heilt annleis. Staten driv definitivt språkutøving. Staten produserer massevis av språk heile tida, millionar av ord kvar dag. Framlegget til Høgre vil gjere nesten alt dette til bokmål. Mest ingen statlege arbeidsplassar ligg i nynorskkommunar, og diverre er det få nynorskbrukarar som greier oppretthalde språket sitt i solide språkmindretal i statsapparatet i hovudstaden. Med Høgres framlegg vert òg lova om at staten skal produsere 25 prosent av alt materialet sitt på nynorsk, meiningslaus. Om kommunar og institusjonar ikkje lenger har rett til å få materiale på nynorsk, treng det jo ikkje produserast. Framlegget inneber òg at statlege institusjonar, som lensmenn og NAV, som finst i rikeleg mon i nynorskkommunar, ikkje lenger treng sørve innbyggjarane sine på det lokale språket.
Noreg fekk allereie frå 1890- til 1920-åra ein svært moderne og liberal statleg språkpolitikk. Han la til grunn at det var ynska til innbyggjarar og lokalsamfunn som skulle styre statens språk. Konkret ville det seie at innbyggjarane skulle få svar på det språket dei vende seg til staten i, og at statsorgan skulle vende seg til kommunen på det språket kommunen ynskte. Prinsippa vart nedfelte som departementale retningsliner i 1920-åra, målbrukslova i 1930 og vidareførte i den gjeldande lov om målbruk i offentleg teneste (1980).
Den statlege språkpolitikken før dette gjekk ut på at embetsmenn i Kristiania avgjorde statens språkpolitikk gjennom sine personlege preferansar og praksisar. No er det grunn til å spørje: Stiller Høie og Høgre seg eigenleg kritisk til den einsrettande byråkratmakta? Eller vil partiet attende til den illiberale embetsmannsstaten det sprang ut av?
Laurdagsspalta i Nationen, 22. september 2012
Søtaste svigerkusina og grovagutane i nrwy er på veg til USA! Og her er pressemeldinga. Eg er kanskje aller mest nøgd med at eg nesten ikkje har retta eit ord. Ikkje berre kan dei spele; dei kan skrive òg!
Til USA for å spele inn debutplate
nrwy reiser i slutten av september til Austin, Texas for å spele inn debutplata si. Innspelinga vert gjort analogt, medan turen er sjølvfinansiert.
Med gitarane i koffertane skal bandet som består av sogningane Erik Grov, Per Christian Grov og Amund Stokke, sunnfjordingen Lill Katrin Bødal og hadelendingen Sjur Vidar Lilleås, fange lyden av det som har blitt skildra som ein miks av amerikansk sørstatsrock og britisk folkrock. Bandet har i løpet av sumaren halde seg aktive på konsertfronten, med opptredenar på mellom anna Fres Festival, Øya, Malakoff og no sist under Blest på Nordfjordeid. I vår besøkte dei legendariske The Cavern i Liverpool, kor dei gjorde to solide konsertar til mykje åtgaum frå eit begeistra publikum. Musikkmetropolen Austin husar dei vidgjetne festivalane South by Southwest og Austin City Limits, og har blitt synonymt med ny musikk.
Ei lang rekke tilfeldigheiter har ført til at bandet no reiser til Austin for å spele inn plate. Det er hovudsakleg tidlegare trommis i Austinbandet Okkervil River, Travis Nelsen, som er grunnen til at nrwy no kryssar dammen. Saman med Nelsen har nrwy fått booka seg tid hjå 5th Street Studios, som mellom anna har lagt ned spor for storheiter som Shearwater, Pharell Williams, Jaime Cullum og Slayer. Då innspelinga skjer på gamlemåten, utan digitale hjelpemiddel, vert det heller ingen rom for feil. For å legge lista enno eit hakk høgare, kjem nrwy til å spele inn så mykje som mogleg live, slik at livekjensla vert bevart i opptaka.
I tillegg til studio legg nrwy opp til ei rekke konsertar i Austin-området, mellom anna på den velkjende klubben Hole in the Wall. Går alt etter planen forventar nrwy å sleppe albumet i januar/februar 2013, som kun vert tilgjengeleg på vinyl utanom digital form.
Siste kommentarar