Oslo kl. 05.00 november 1973

Nattnorge, blåsvart
og en gordisk knute av kraftførende kabler.
Jeg konstaterer dette idet jeg passerer verftet
og de rødgule lysene på oljeplattformen

der skiftarbeid pågår. Borte ved sidesporet
huker en eldre mann seg ned og plukker en sneip,
etter å ha ligget noen frosne timer i en tom
jernbanevogn. Dette er nedskrevet vel 1000 år

etter Harald Hårfagres kirurgiske inngrep,
og en snau halvtime før vi påbegynner rigging
til bananlossing. På vegne av Norge
roper Aftenpostens førsteside etter arbeidskraft.

(Bjørn Aamodt. Frå Knuter, mulm og andre dikt 1980)

 

Månadens dikt er avskrive 20 år og ein dag etter røystinga om norsk EU-medlemsskap i 1994. I den grad månadens dikt skal vere med på jubileumsfeiringa, verkar det rett at det er Bjørn Aamodt som får stå for det. Kjartan Fløgstad kallar Aamodt vår siste klassiske arbeidardiktar. Likevel, eller difor: Gløym aldri 28.11.1994!

Eit gamalt og eit nytt. Men det same skrukkefrie panneluggbiletet frå 2008.

Det nye fyrst: Eg er intervjua om doktoravhandlinga mi i novemberutgåva av Norsk Tidend, medlemsavisa til Noregs Mållag. Det er sjølvaste leiaren i samskipnaden som har skrive intervjuet, og det har ho greidd betre enn eg ville ha gjort.

Så det gamle:

Same dagen som eg disputerte, 12. september, hadde Klassekampen på trykk eit intervju som Guri Kulås gjorde med meg og som eg las om morgonen før disputasen. Det var veldig mykje meir nyttig førebuingsstoff enn mine eigne uforståelege notatar.

 

Fyrstkomande tysdag klokka 19 snakkar eg om og syng dikt av Jakob Sande. Dette skjer i regi av Senioruniversitetet i Sogndal på folkemuseet på Kaupanger. Sverre Volle skal spele trekkspel til, så det vert iallfall ein skikkeleg musikar på scena den kvelden. Allsong vert det òg, så kom, den som har har lyst til å synge til tonar av Sverres spel!

 

 

Helge Torvund igjen, om stor dramatikk og liten kvardag:

Det luktar våt hund og oktoberasfalt
Han dreg pusten og kjenner det
heilt ned i tærne: Haust
over helga og der:

Hennar kåpefarge
under gatelykta
to-tre andre jenter òg
Han går forbi

Han går på ein annan motor
Hovudet er jo unaturleg stort
Han har eit kjempestort hovud
som må balanserast varsamt

på den tynne kroppen
Han må halda
giganthovudet, gråsteinhovudet
naturleg nå

Sjå halvt framover
men òg i hennar retning
og smila med desse sementleppene
dersom

og Ja! Ja!!
Ho ser på han
Han blir tyngre, ei varm funksjonshemming
Vart det eit smil?

Tankane veks ut av han
medan hovudet minkar
der han går
Minkar til han

trur det må verta heilt borte
bak den kalde, glimtande
tanngarden i glidelåsen
på jakka

(Bare eitt spørsmål til, 1997)

Eg heldt innleiing på haustkonferansen til Noregs Mållag i Odda for tre veker sidan. Manuset er no lagt på nett av mållaget.

The sun went out

 

September må vere den månaden som flest jazzstandardar handlar om. Det bleike og gulna og klåre gjer oss vel jassi og kloke og blåe.

September in the rain, altså. Trass i kor godt eg likar Beatles, trur eg at eg føretrekkjer ein av dei meir klassiske versjonane av låten, og eg skulle ynskje eg kunne seie at eg likar Sarah Vaughan sin best, men den er eigenleg litt ubehageleg. Doris Day sin er for søt og Peggy Lee sin er litt rar og dessutan veldig lik Dinah Washingtons, og eigenleg diggar eg alltid Frank Sinatra sine versjonar av alt, men det er så lite oppfinnsamt. Så eg trur eg går for Julie London. Opa, mogen røyst.

The leaves of brown came tumbling down
Remember in September, in the rain
The sun went out just like a dying ember
That September in the rain

Through every word of love I heard you whisper
The raindrops seemed to play a sweet refrain
Though spring is here to me its still September
That September in the rain

The leaves of brown came tumbling down
Remember in September, in the rain
The sun went out just like a dying ember
That September in the rain

Through every word of love I heard you whisper
The raindrops seemed to play a sweet refrain
Though spring is here to me its still September
That September in the rain
That September in the rain

(av Harry Warren og Al Dublin, 1937, sungen av James Melton i filmen Melody for Two)

Det som skjer

I går publiserte Uniforum ny sak om avhandlingsframsida mi og manglande tospråkspolitikk på Universitetet . Stor takk til Arnstein Bjørke i Fagbokforlaget som trykte opp att avhandlinga med rett framside!

I morgon skal eg halde føredrag på Høgskulen sin forskingsdag. Tema: Språkpolitikk som forskingsfelt. Klokka halvfire, Høgskulebygget, 2. høgda. Kom og høyr!

Laurdag held eg innleiing på Noregs Mållag sin haustkonferanse i Odda. Tema: Nynorskelevar i minoritetsposisjon. Kom og høyr!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

til dømes disputering.

Avhandlinga er publisert i Brage og ligg her. God lesnad!

 

 

Eg satsar med denne saka i Uniforum på å få like mykje (negativ) pre-disputas-merksemd som han med Marit Larsen-avhandlinga.

Så eg siterer saka, skriven av Martin Toft:

«I neste månad presenterer Eli Bjørhusdal doktoravhandlinga si «Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005». Det skjer under Det utdanningsvitskaplege fakultetet sine venger, og det skjer på nynorsk. Difor ville gjerne Eli Bjørhusdal også ha omslagsarket med namnet til fakultetet på nynorsk. – Forlagskonsulenten til Akademika forlag gav meg då klar melding om at det ikkje var mogleg. Avtalen mellom UiO og forlaget var at omslagsarket anten skulle vera på bokmål eller engelsk, fortel Eli Bjørhusdal til Uniforum. Og fordi det hasta med å få levert doktoravhandlinga til trykk, gav eg meg til slutt på det punktet, legg ho til.

(…)

– Dette er ein detalj, men den språklovgjevinga som gjev nynorsk offisiell status er summen av alle slike detaljar, difor er det viktig. Eg vonar no at ingen andre som disputerer på nynorsk, kjem til å møta dei same problema, seier ho til Uniforum.»

Livet er offentleg språkpolitikk både i teori og praksis.

 

I dag har eg fått emnet for phd-prøveførelesinga: «Språkpolitiske røynsler og tankar om vegar vidare etter 107 år med sidemålsundervisning i skulen».

Vel møtt til Auditorium 3, Helga Engs hus, Blindern, om fjorten dagar! Fredag 12. september 10.15 (førelesing) og 12.15 (disputas).

« Older entries § Newer entries »