Søtaste svigerkusina og grovagutane i nrwy er på veg til USA! Og her er pressemeldinga. Eg er kanskje aller mest nøgd med at eg nesten ikkje har retta eit ord. Ikkje berre kan dei spele; dei kan skrive òg!
Til USA for å spele inn debutplate
nrwy reiser i slutten av september til Austin, Texas for å spele inn debutplata si. Innspelinga vert gjort analogt, medan turen er sjølvfinansiert.
Med gitarane i koffertane skal bandet som består av sogningane Erik Grov, Per Christian Grov og Amund Stokke, sunnfjordingen Lill Katrin Bødal og hadelendingen Sjur Vidar Lilleås, fange lyden av det som har blitt skildra som ein miks av amerikansk sørstatsrock og britisk folkrock. Bandet har i løpet av sumaren halde seg aktive på konsertfronten, med opptredenar på mellom anna Fres Festival, Øya, Malakoff og no sist under Blest på Nordfjordeid. I vår besøkte dei legendariske The Cavern i Liverpool, kor dei gjorde to solide konsertar til mykje åtgaum frå eit begeistra publikum. Musikkmetropolen Austin husar dei vidgjetne festivalane South by Southwest og Austin City Limits, og har blitt synonymt med ny musikk.
Ei lang rekke tilfeldigheiter har ført til at bandet no reiser til Austin for å spele inn plate. Det er hovudsakleg tidlegare trommis i Austinbandet Okkervil River, Travis Nelsen, som er grunnen til at nrwy no kryssar dammen. Saman med Nelsen har nrwy fått booka seg tid hjå 5th Street Studios, som mellom anna har lagt ned spor for storheiter som Shearwater, Pharell Williams, Jaime Cullum og Slayer. Då innspelinga skjer på gamlemåten, utan digitale hjelpemiddel, vert det heller ingen rom for feil. For å legge lista enno eit hakk høgare, kjem nrwy til å spele inn så mykje som mogleg live, slik at livekjensla vert bevart i opptaka.
I tillegg til studio legg nrwy opp til ei rekke konsertar i Austin-området, mellom anna på den velkjende klubben Hole in the Wall. Går alt etter planen forventar nrwy å sleppe albumet i januar/februar 2013, som kun vert tilgjengeleg på vinyl utanom digital form.
1 comment
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=2730