Heimeliv

You are currently browsing the archive for the Heimeliv category.

 

Når ein sit i stova si og ser ut på dei finaste februardagane, får ein nesten lyst til å skrive like intenst metafysiske dikt som Anne Brontë. Ho var den yngste av dei berømte brontësystrene; fødd i 1820, og døydde berre 29 år gamal. Her kjem hennar «In memory of a happy day in February»:

Blessed be Thou for all the joy
My soul has felt today!
O let its memory stay with me
And never pass away!

I was alone, for those I loved
Were far away from me,
The sun shone on the withered grass,
The wind blew fresh and free.

Was it the smile of early spring
That made my bosom glow? «Twas sweet, but neither sun nor wind
Could raise my spirit so.

Was it some feeling of delight,
All vague and undefined?
No, «twas a rapture deep and strong,
Expanding in the mind!

Was it a sanguine view of life
And all its transient bliss ­
A hope of bright prosperity?
O no, it was not this!

It was a glimpse of truth divine
Unto my spirit given
Illumined by a ray of light
That shone direct from heaven!

I felt there was a God on high
By whom all things were made.
I saw His wisdom and his power
In all his works displayed.

But most throughout the moral world
I saw his glory shine;
I saw His wisdom infinite,
His mercy all divine.

Deep secrets of his providence
In darkness long concealed
Unto the vision of my soul
Were graciously revealed.

But while I wondered and adored
His wisdom so divine,
I did not tremble at his power,
I felt that God was mine.

I knew that my Redeemer lived,
I did not fear to die;
Full sure that I should rise again
To immortality.

I longed to view that bliss divine
Which eye hath never seen,
Like Moses, I would see His face
Without the veil between.

Duranranranran! Kan ikkje anna enn like dei.

Her er ein nokså dårleg, men tydelegvis sjeldan liveversjon av låten som er månadens dikt, «Secret October», b-sida til «Union of the Snake» frå 1983.

Me må vel seie at her er høg metafor- og similetettleik? Særleg fylgjande språkbilete set krav til iallfall min kognisjon: «Spoken on a cotton cloud like the sound of gunshot taken by the wind and lost in distant thunder racing on a shining plain tomorrow…».

Her er heile:

Wise on a birthday party in a world full of surprising fireworks
then sudden silence
lies on a stranger’s bed
the new day breaks like a speeding train
or an old friend ever expected but never knocking
holding your own in a battered car
all night parties, cocktail bars and smile
when the butterfly escapes the killing jar

Sure eyes awake before the dancing is over
wise or naked in secret October

Free fall on a windy morning shore
nothing but a fading track of footsteps
could prove that you’d ever been there
Spoken on a cotton cloud
like the sound of gunshot taken by the wind
and lost in distant thunder racing on a shining plain tomorrow
you’ll be content to watch as lightning plays
along the wires and you’ll wonder

Sure eyes awake before the dancing is over
wise or naked in secret October
sure eyes awake before the dancing is over
wise or naked in secret October

Analogt i Austin

Søtaste svigerkusina og grovagutane i nrwy er på veg til USA! Og her er pressemeldinga. Eg er kanskje aller mest nøgd med at eg nesten ikkje har retta eit ord. Ikkje berre kan dei spele; dei kan skrive òg!

 

 

 

 

 

 

 

 

Til USA for å spele inn debutplate

nrwy reiser i slutten av september til Austin, Texas for å spele inn debutplata si. Innspelinga vert gjort analogt, medan turen er sjølvfinansiert.

Med gitarane i koffertane skal bandet som består av sogningane Erik Grov, Per Christian Grov og Amund Stokke, sunnfjordingen Lill Katrin Bødal og hadelendingen Sjur Vidar Lilleås, fange lyden av det som har blitt skildra som ein miks av amerikansk sørstatsrock og britisk folkrock. Bandet har i løpet av sumaren halde seg aktive på konsertfronten, med opptredenar på mellom anna Fres Festival, Øya, Malakoff og no sist under Blest på Nordfjordeid. I vår besøkte dei legendariske The Cavern i Liverpool, kor dei gjorde to solide konsertar til mykje åtgaum frå eit begeistra publikum. Musikkmetropolen Austin husar dei vidgjetne festivalane South by Southwest og Austin City Limits, og har blitt synonymt med ny musikk.

Ei lang rekke tilfeldigheiter har ført til at bandet no reiser til Austin for å spele inn plate. Det er hovudsakleg tidlegare trommis i Austinbandet Okkervil River, Travis Nelsen, som er grunnen til at nrwy no kryssar dammen. Saman med Nelsen har nrwy fått booka seg tid hjå 5th Street Studios, som mellom anna har lagt ned spor for storheiter som Shearwater, Pharell Williams, Jaime Cullum og Slayer. Då innspelinga skjer på gamlemåten, utan digitale hjelpemiddel, vert det heller ingen rom for feil. For å legge lista enno eit hakk høgare, kjem nrwy til å spele inn så mykje som mogleg live, slik at livekjensla vert bevart i opptaka.

I tillegg til studio legg nrwy opp til ei rekke konsertar i Austin-området, mellom anna på den velkjende klubben Hole in the Wall. Går alt etter planen forventar nrwy å sleppe albumet i januar/februar 2013, som kun vert tilgjengeleg på vinyl utanom digital form.

Are you mom enough? Er du nok mor? Spørsmålet dukka opp på norske nettaviser for nokre veker sidan, illustrert av ei fager blondine med ammepuppen ute. På ein krakk står det som liknar ein skulegut, med kamuflasjemønstra bukse, og strekkjer seg for å nå opp til morsmjølka.

Saka var henta frå amerikanske Time Magazine, og illustrerte ein heit amerikansk debatt om korleis ein skal oppdra ungar. I brennpunktet står “attachment parenting”, tilknytingsomsorg, ein filosofi som seier at småungar skal ammast lenge, at foreldre og born skal sove i same seng om natta og at ein skal bere barnet nært inntil kroppen i selar og slynger, alt for å skape tryggleik og samspel. Med i pakka er gjerne tøybleier, heimelaga babymat og anna grøn foreldrelivsstil.

I Noreg er dette fantastisk ukontroversielt. Å knefte ei gulrot heller enn å kjøpe eit glas med barnemat, å sove med femåringen som kjem trippande inn i vaksensenga om natta, å amme til poden er over både eit og to år – ikkje noko av dette vert oppfatta som spesielt omsorgsfilosofisk. Sjølv har eg brukt tøybleier på tre ungar, ikkje fordi det var del av ein foreldreideologi, men fordi det vart mindre bos og fordi det var billig og greitt. Vel synest eg det er snodig med alle bloggane om tøybleier og at nokre damer har amming som hobby. Men rare interesser kan nok eg òg klagast for å ha. Så eg held klokeleg kjeft.

At mange i USA ikkje held kjeft, er ikkje så rart. Den betalte barselpermisjonen er låtteleg kort. Då framstår langvarig amming, tøybleier, samsoving og andre tid- og søvntjuvar som luksuriøse og dermed provoserande prosjekt for mange. Sjølv om det ikkje treng vere noko gale med tilknytingsomsorg, er det noko svært gale med ein kultur som legg fram denne filosofien som den rette måten å vere ein god forelder på – og som deretter gjev blaffen i om foreldre får tid og peng til å kunne realisere han.

Men likevel. I Noreg, her kor ammeentusiastar og feministar har gått hand i hand om lengre og lengre barselpermisjonar, fedrekvotar og betalt ammefri, her er det vel ingen grunn til å ikkje gjere som tilknytingsfilosofien føreskriv?

Det kjem alltid an på. Bergens Tidende har for tida ein artikkelserie om ‘Familieliv’. Her får me intervju med småbarnsforeldre som, tilsynelatande muntre, seier dei kjenner seg som privattaxisjåførar for ungane. Som fortel at den einaste eigentida dei har, er å dirigere eit kor ein gong i veka. At det er to år sidan dei har vore på kafé. Ein firebarnsfar avslører, med eit smil, at han ikkje har vore på byen sidan den natta han møtte mor til ungane sine. Når avkommet skal trene, står foreldra ved sidelina for å skape tryggleik. Når barnet skal lære å spele eit instrument, er foreldra med på speletimen for å kunne hjelpe til med øvinga heime. I ei gransking avisa har gjort, oppgjev 14 prosent av småbarnsforeldre i Hordaland at dei aldri driv aktivitetar på eiga hand, utan partnar eller born. Og dette i ei tid der folk har historisk mykje fritid og der arbeidsdelinga mellom kjønna er jamnare enn nokon gong.

Det er flott at foreldra tek det med eit smil. Men sett frå eit samfunnsperspektiv er det kanskje ikkje grunn til å vere så lystig over at så mange fyller heile fritida si med eigne ungar, at så mange ikkje løfter hovudet over intimsfæren, at så mange så gjerne vil vere mom enough. I verste fall er det overveldande fokuset på våre eigne individuelle ungar ein måte å gje opp kollektivet på. Jau, sjølvsagt tener samfunnet på trygge ungar. Men også trygge ungar går utrygge tider i møte om foreldregenerasjonen deira brukar all si tid på knyte seg til ungane sine, og inga tid på å knyte seg til samfunnet gjennom kommunestyreverv eller friviljug arbeid eller for den del å gå på kafé og pøbb i bygd og by.

(Laurdagsteksten min  i Nationen 26. mai)

 

Me får att sola sjuande eller åttande februar. Me er ikkje sikre, det er ikkje mykje klårvêr på den tida av året. Difor er det heller ikkje nøye at sola er borte. Men februarsola som lyser gjennom dritne vindauga ned på tulipanane attmed katten som likevel alltid får lov til å sove på bordet, er likevel eit ljos eg kan like.

Når eg tenkjer på deg
nett no, er du der men
eg ser deg ikkje. Ute
har sola såvidt begynt

å peila inn strålane
mot furene, der
dei står med dottar av snø
mellom nålene så stille så stille

at ein kunne få lyst å
fyra av eit skot. Ja,
denne silande blå fredagen

midt i februar er ein dag
i alle dagar, vegane er
opne, sola er rund og vill.

Per Olav Kaldestad. Frå Kjærlege posisjonar (1988)

Eg har skrive før ein gong at Helge Torvund er glad i januar. Det er eg òg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det tynne lyset frå januarsola

Det tynne lyset frå januarsola
trekkjer seg attende nedover åsen nå
Me held pusten ein augneblink
Og går vidare med ei stille glede
Som når ein trekkjer frå gardina
Første feriedagen
Og ser eit nytt og tydeleg landskap

(frå Taxameter og puls, 1979)

 

Newer entries »